Fakta om Marijuana

Fakta om Marijuana

Publisert av Vigdis Goldin den 09.08.22. Oppdatert 17.08.22.

 

Auke av THC, det viktigaste virkestoffet i Marijuana. Mengda av THC i Marijuana har auka jamnt og trutt dei siste tiåra. Når ein person er nybyrjar av Marijuana , kan han eller ho bli eksponert for høgt nivå av dette virkestoffet og sjansen for ein svært skadeleg reaksjon er stor.  Auken i THC nivå kan forklare at fleire brukerar havnar på akuttmottak.

Marijuana ein tek inn gjennom munnen har vorte meir populært. Dette er ein farlegare måte å gjera det på sidan det då tek lenger tid å oppnå rus. Derfor tek folk inn meir av dette for å oppnå rus fortare. Dette kan vera farleg. Høgare THC nivå kan føre til større risk for avhengighet dersom ein tek inn stoffet ofte.

Kva slags andre effektar har Marijuana på helsa? Marijuanabruk kan ha eit heilt sett av effektar både fysisk og mentalt.

Fysiske effektar:

- Pusteproblem.  Marijuanarøyking irriterer lungene, og folk som røyker det ofte kan ha dei same vanskane med pusten som dei som røyker vanleg tobakk. Mellom anna daglege hostekuler, slim og oftare lungesjukdom samt større risiko for lungeinfeksjonar. Forskarar har så langt ikkje funne høgare risiko for lungekreft hos dei som røyker Marijuana. 

- Auka hjarterytme.  Marijuana aukar hjarterytmen opp til 3 timar etter røykinga.  Dette kan auke risikoen for hjarteattak.  Eldre menneske og dei som har hjarteproblem kan vera meir risikoutsette.

- Problem med barnet si utvikling i svangerskapet og etter fødselen. 

Ein studie viste at kring 20% av kvinner frå 24 års alder og nedover hadde marijuana i blodet.  Det viste seg også at gravide kvinner underslo bruken av Marijuana når dei skulle oppgi det skriftleg.  Dobbelt så mange hadde positivt resultat etter ein blodprøve. Dette tyder på at gravide kvinner underrapporterer bruken av Marijuana i svangerskapet. Det viste seg også at folk som ikkje er medisinsk utdanna og som sel Marijuana, taler vel om stoffet  mot kvalme.  Det gjer ikkje utdanna helsepersonale, dei åtvarer mot slik bruk. Dette gjer medisinske ekspertar lite glade, fordi slik bruk kan føre til lågare fødselsvekt, dessutan aukar det risikoen for hjerneskade og problem med oppførselen hos barn .  Dersom gravide kvinner bruker Marijuana, kan narkotikaen gå ut over dei delene  i hjernen der utviklinga  til fosteret skjer.  Born som er eksponerte for Marijuana gjennom svangerskapet, har auka risiko for konsentrasjonsproblem, minneproblem og vanska rmed problemløysing  enn born som ikkje er utsette for slikt.  Somme undersøkingar viser og at moderate mengder THC kan koma inn i brystmelka hos ei ammande mor. Dersom mor bruker Marijuana ofte, kan bryskmelka koma til å innehalda så mykje THC at det går ut over utviklinga av barnet   sin hjerne.  Anna nyleg forsking tyder på at bruk av nevnde stoff kan føre til for tidleg fødsel.