Marihuana har ulik verknad på kvinner og menn

Marihuana har ulik verknad på kvinner og menn

Publisert av Kjersti Gulli Petersen den 11.10.21.

I desse dagar, med stor diskusjon om rusreform, kan det vera på sin plass med nokre fakta om verknadane av til dømes marihuana. Ein studie frå Washington State University såg på kor fort kroppen vender seg til marihuana. Dei fann ut at kvinner venjer seg til cannabis mykje raskare enn menn. Studien vart gjort på rotter, som har ein menstruasjonssyklus der hormonnivåa går opp og ned veldig likt det som skjer for menneske. Forskarane fann ut at kvinner, når dei har eggløysing, er meir sensitive for THC som er det viktigaste virkestoffet i cannabis. Difor justerte dei dosen ned i høve til dette. Likevel, etter ti dagar hadde horottene bygt ei høgare tilvenjing til narkotikaen enn hanrottene. Med andre ord etter vel ei veke kan dei mest marihuanasensitive damene gå forbi mennene.

Frå NIDA (National Institute of Drug Abuse, USA) har vi desse fakta:

Marihuana har både korttids- og langtidseffektar på hjernen. TCH har effekt på fleire stader i hjernen.

Korttidseffektar

Når ein person røykjer marihuana, passerer THC fort frå lungene inn i blodstraumen. Blodet ber med seg kjemikaliet til hjernen og andre organ i kroppen. Kroppen tek opp THC seinare om ein et eller drikk stoffet. I så tilfelle tek det ein halv til ein time før ein kjenner verknad av det. THC som er dette sterkaste virkestoffet i marihuana, verkar særs på mottakarane i hjernecellene som vanlegvis blir påverka av naturlege THC liknande kjemikaliar. Desse naturlege kjemikalia spelar ein rolle i normal funksjon og utvikling av hjernen. Marihuana gjer at dei delane av hjernen som har flest av desse reseptorane, blir overaktivert. Dette fører til at dei som har innteke stoffet, kjenner seg «høge». Andre effektar inkluderer:

  • forandring i sansane, fargar ser klarare ut
  • forandring i oppfatning av tid
  • forandring i kjenslelivet
  • dårleg kontroll på kroppsrørsler
  • problem med å tenkje og å løyse problem
  • trøbbel med minnet
  • hallusinering (når ein tek store doser)
  • vrangførestillingar (når ein tek store doser)
  • psykosar (høgast risk for det ved jamleg inntak av høgt potent marihuana)

Langtidseffektar

Marihuana påverkar også utviklinga av hjernen. Når tenåringar byrjar å bruke marihuana, kan narkotikaen påverke minnet, tenking og læringsfunksjonar. Det påverkar korleis hjernen byggjer sameining mellom dei områda som er naudsynte for desse funksjonane. Forskarane jobbar framleis med kor lenge marihuana verkar på dette, og somme forandringar blir varige.

Eit døme på forsking på dette har vi frå New Zealand. Ein studie delvis frå Duke University syner at folk som byrja med mykje røyking av marihuana i tenåra og heldt på med dette mista i gjennomsnitt  8 poeng i IQ mellom 13 og 38 år. Tapet av mental styrke kom ikkje fullt ut attende hos dei som kutta ut stoffet som vaksne. Dei som byrja med marihuana som vaksne hadde ikkje det same tapet av IQ.

I ein fersk tvillingstudie synte marihuanabrukerar ein tydeleg  svekking av generell kunnskap og evne til å ordleggje seg. Dette utgjer 4 IQ poeng mellom tidleg tenår og ung vaksen. Ingen tydeleg skilnad viste mellom tvillingar om den eine brukte marihuana og den andre ikkje. Dette syner at anna enn marihuana, som familiefaktorar, genetikk og omgjevnader spelar inn her. NIDA i USA har gåande ein langtidsstudie på ungdom i stor skala for å finne ut korleis marihuana og andre stoff verkar på dei frå tidlege tenår til tidleg vaksen. Dei leitar etter verknader på hjernen.